user

VOLDA KOMMUNE

Government Administration

View the employees at

VOLDA KOMMUNE

Overview

Volda kommune har pr. 1. januar 2017 eit innbyggjartal på 9117. Det er ei auke på 61 frå 2016. I perioden august - juni aukar folketalet monaleg, då om lag 4000 studentar kjem til Høgskulen i Volda. I tillegg har Volda vidaregåande skule med om lag 500 elevar. Volda er kommunesenteret, men her er òg tre lokalsenter: Fyrde, Folkestad og Lauvstad/Dravlaus. Volda har gode kommunikasjonar: Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden, har dagleg flysamband med Oslo og Bergen. Vi har dessutan dag- og nattbussamband til Oslo og Bergen, i tillegg til ”Timeekspressen” som startar i Volda og går til Ålesund, Molde og Kristiansund t/r. Tradisjonelt har primærnæringane vore viktige næringar i Volda kommune. I dag er det dei store offentlege institusjonane; høgskulen, sjukehuset og kommunen, som er dei største arbeidsplassane i Volda. Scana Volda AS, er største industribedrifta med rundt 160 tilsette. Volda har elles stor variasjon av små og mellomstore bedrifter innan industri, handel og sørvis. Volda har siste åra satsa medvite på kulturnæringane, gjennom Sunnmøre Kulturnæringshage AS, jfr. www.sknh.no og Volda som studiebygd, sjå www.studiebygda.no Med dei nye vegsambanda Eiksundsambandet og Kvivsvegen er no Volda plassert midt i ein region med om lag 60 000 innbyggarar. Frå Volda er det kort avstand til dei marine næringsklyngene i ytre søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein) og næringsmiljøa i midtre og indre Nordfjord. Velkomen til Volda!