user

Voss Resort AS

Skiing Facilities

View the employees at

Voss Resort AS

Overview

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter og har eit variert og flott skiterreng. Her finn du 11 heisar, 24 nedfarter og 40 km preparerte løyper, i tillegg til flotte frikjøringsmuligheiter i umiddelbar nærhet til heis. Me har kveldskøyring tre dager i veka, i meir enn 10 km lyssatte løyper. Under Voss Resort finn ein og Voss Gondol - Nord-Europas største og mest moderne gondolbane. Bana frakter deg frå Voss Stasjon (56 moh) til Hangurstoppen (820 moh) på mindre enn 9 minutt. På toppen venter Voss sin største restaurant; Hangurstoppen Restaurant, samt eit eldorado av aktivitetar gjennom heile året. I Voss Resort bur du i moderne sjølvhushald hytter og leiligheiter gjennom heile året, med skibakken like utanfor hyttedøra og Voss sentrum berre 5 minutt unna. Det er korte avstander til dei aller fleste aktivitetar - Voss Resort kan difor fint nyttast som base. Draumer du om din eigen fritidsbolig på fjellet - ta gjerne kontakt med oss. Hjå oss køyrer du til døra heile året og det er ingen stengde fjelloverganger på vegen. Hyttene i Bavallen har fantastisk utsikt og gode solforhold, med ski-in/ski-out fasilitetar. Du finn oss berre 1,5 time frå Bergen og 5 minutt frå Voss sentrum. Berre Voss e Voss.

  • Avisa Hordaland

    Avisa Hordaland, Evangervegen, Lekve, Finne, Vossavangen, Voss, Vestland, 5704, Norway

    Get Direction