user

NAV Økonomiteneste

Government Administration

View the employees at

NAV Økonomiteneste

Overview

Eit godt stykke inn i Sognefjorden, i den vesle bygda Leikanger, finn du oss som server resten av NAV med økonomitenester. Vi skal vere ei god støtte på økonomiområdet for kollegaene i heile NAV. Når vi løyser oppgåvene våre effektivt bidreg vi med å frigjere tid til kjerneoppgåvene i NAV – å bidra til sosial og økonomisk tryggleik, og fremje overgang til arbeid og aktivitet. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og vi har ei viktig rolle for å sikre god kvalitet på rekneskapen. I den daglege drifta jobbar vi for å sikre rett utbetaling til rett tid - til tilsette i NAV, til leverandørar og til privatpersonar som mottek stønad frå NAV. Samstundes jobbar vi med forbetring og effektivisering ved m.a. å vere sterkt representert i utviklingsarbeidet i NAV.