user

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Civic and Social Organizations

View the employees at

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Overview

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 39 000 innbyggarar der 73% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Kommunesenteret ligg 15 min køyring frå Bergen sentrum. «Nær Gud, nær menneske.» Slik lyder Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar hos oss. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflektere over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.